Verken Stord eller Bømlo har nye koronasmitta. Illustrasjonsfoto: Per Lønning

Avkreftar nye smittetilfelle på Stord og Bømlo

Det opplyser kommunelegane etter fleire førespurnader grunna nasjonal koronaoversikt.

Seint måndag kveld blei VG sin koronaoversikt oppdatert med tal som syner at ein ny person både i Stord og Bømlo kommunar skal vera registrert koronasmitta. Men dette stemmer ikkje, ifølgje smittevernlegane i kommunane.

Sunnhordland var i kontakt med både kommuneoverlege Lars Helge Sørheim og rådmann Magnus Mjør seint måndag kveld. Dei kjende då ikkje til nye tilfelle på Stord. Tysdag morgon skriv Sørheim følgjande i ein SMS til Sunnhordland:

«Framleis ikkje meldt nytt tilfelle - mogeleg feilregistrering, opphald og testa i annan kommune utan aktuelle nærkontaktar i Stord eller me må avventa».

Oversikta til VG blei måndag også oppdatert med eitt nytt registrert smittetilfelle på Bømlo. Smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune avkreftar overfor Sunnhordland at det er ny smitte i kommunen.

– Eg har fått fleire spørsmål om det, og veit ikkje om dei får det ettermeldt eller kor den informasjonen kjem frå. Det er ingen nye tilfelle hos oss som eg kjenner til, seier Follesø.

Bømlo sitt femte og sist offisielt registrerte Covid-19 tilfelle var 2. mai 2020.

Les også
94 personar i karantene i Austevoll
Les også
Dei har kjent koronaen på kroppen. Her er deira erfaringar