Under fredagens kontroll såg Statens vegvesen nærare på 9 køyretøy.
Under fredagens kontroll såg Statens vegvesen nærare på 9 køyretøy. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ILLUSTRASJON

Avskilting og bruksforbod under kontroll

Fredag var 62 køyretøy innom kontrollplassen til Statens vegvesen på Vabakkjen.

Av desse vart det sett nærmare på 9, melder kontrolleiar Jo Kjetil Strand.

Dette førte til gebyr for 3 tilfelle av overlast, 1 teknisk mangel og 1 bruksforbod for manglande lastesikring.

I tillegg vart 1 lastebil avskilta på staden grunna manglande EU-kontroll.

Ifølgje Strand unnlét 5 køyretøy å stoppa for den skilta tungbilkontrollen i dag.

Les også: Sjekka 116 køyretøy