ULUKKE: Fem personar blei påkøyrde ved salsbua på Gjermundshamn ferjekai. Dom i tingretten kjem i neste veke. Foto: Tipsar

Ba om fengsel for kvinne som køyrde på fem personar

Aktor Rune Malt meiner 30 dagar i fengsel og tap av førarrett i to år, er rett straff for kvinna i 70-åra som køyrde på fem personar på Gjermundshamn ferjekai.

Saka mot kvinna var oppe i Sunnhordland tingrett i denne veka. Statsadvokaten tok i sommar ut tiltale mot den eldre kvinna etter den alvorleg påkøyringa på Gjermundshamn 30. november i fjor.

Les også
Kvinne tiltalt for å ha køyrt på fem personar i Kvinnherad

Køyrd over fleire gonger

I alt fem personar som oppheldt seg i nærleiken av grønsaksbua til Ola Korsvik ved ferjekaien blei treft av bilen til kvinna. Fleire av dei blei påkøyrd fleire gonger, og fekk omfattande skader. Ei kvinne skal mellom anna ha fått brot i hofte, bekken, fleire ribbein, brystbein, ryggvirvel og hamna i respirator på grunn av lungebetennelse.

Ho blei liggjande på sjukehus i over tre månadar.

Ifølgje Bergens Tidende som var til stade i retten første dag, så forklarte kvinna at ho ikkje merka at ho køyrde over dei.

Alvorlege skadar

Kvinna ska ha forklart at grusplassen var full av hol og humpar, og at det var eit frykteleg dårleg vêr denne dagen.

– I utgangspunktet er det vilkårslaus fengselsstraff for denne typen lovbrot. Her veg ålmennpreventive omsyn sterkt. Her er det jo også snakk om alvorlege skader, seier Malt til Sunnhordland.

Dom frå Sunnhordland tingrett er venta i neste veke.