Strandfast: Båten låg fast på skjæret. Foto: Tipsar

Båt køyrde på skjær

Ein cabincruiser køyrde på eit skjær i Kvinnherad laurdag.

– Me har kontroll på førar som var åleine i båten, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Båten køyrde på eit skjær ved Sundnesøya laurdag formiddag.

– Føraren er uskadd. Det er mistanke om køyring i ruspåverka tilstand, opplyser politiet.

Båten står fast på skjæret, og må kanskje bergast med kranbåt, ifølgje politiet.

Les også
Mann i 20-åra teken for promillekøyring