Kommunalsjef Knut Gram med bøn til innbyggjarane i Stord kommune. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Ber folk halda seg mest mogeleg heime på fritida

Innfører restriksjonar på besøk ved institusjonar.

– I Stord kommune er me inne i ein situasjon der smitten ser ut til å auka i omfang. Kommunen har styrkja beredskapen på smittesporing og testing for å motverka vidare spreiing av smitten, melder kommunen laurdag.

– Ein opplever likevel situasjonen som utfordrande då mange av dei smitteførande har stor kontaktflate, særleg gjeld dette ungdommane, står det vidare.

Kommunen oppmodar innbyggjarane om å følgja dei generelle smittevernråda:

1. Hald deg heime om du er sjuk, og respekter reglane for karantene og isolasjon. Bestill test om du har symptom.

2. Ha reine hender, unngå å ta deg i ansiktet, og host i olbogen.

3. Hald minst éin meters avstand til andre enn dei du lever med til vanleg.

– I tillegg vil me rå til at ein i helga og ut i kommande veke held seg mest mogeleg heime på fritida og unngår større folkesamlingar eller å samlast i større grupper privat. Slik tilhøva vert vurderte no, vil dette kunna vera med å hindra ytterlegare smittespreiing og ikkje minst skjerme dei som er i risikogruppa, står det i pressemeldinga.

Institusjonane i kommunen har restriksjonar på besøk og kommunen vil be om at desse vert respekterte.

– Halloween og 31. oktober nærmar seg med stormskritt. Me oppmodar alle som tenkjer å markera dagen om å følgja Folkehelseinstituttet sine Halloween-råd.

Stord kommune følgjer dei nasjonale retningslinjene for tiltak og smittevern under koronasituasjonen. Dei sentrale helsestyresmaktene har varsla tiltak kommande veke, melder kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stord kommune følgjer situasjon fortløpande.

Les også
Fem tilfelle på Leirvik AS: – Situasjonen er handterbar