TRENG OVERSIKT: Ordførar Harald Rydland og Fitjar kommune ber folk om å melda inn smitte som blir oppdaga ved sjølvtesting. Foto: Ingvild Eide

Ber folk om å melda inn smitte

Kommunen vil ha betre oversikt.

Fitjar kommune oppmodar folk om å melda ifrå om smitte, sjølv om den er oppdaga ved sjølvtesting. I ei pressemelding fredag går det fram at kommunen treng å vita smittestatusen i bygda, for å vurdera om det er behov for lokale smitteverntiltak.

Les også
Slik er korona-statusen fredag

Kommunane har ansvar

– I haust har me sjølve fått eit større personleg ansvar for testing og smittesporing ved mistanke om koronasmitte. Dette gjer at kommunen ikkje får varsel om smitte slik som tidlegare, står det.

Kommunane har sjølv ansvar for å setja i verk tiltak for å avgrensa og stoppa smitten ved lokale utbrot. Om kommunen då ikkje veit kor mykje smitte det er, så kan ein heller ikkje vurdera behovet for smittetiltak.

– På bakgrunn av dette, ber me om at alle som har fått påvist smitte gjennom sjølvtesting melder ifrå til koronasentralen.

Les også
FHI jobbar med risikorapport om ny virusvariant

Dose tre før jul

Etter nye føringar frå FHI er det gjort endringar i høve tilbodet om koronavaksine, til alle over 65 år. Alle skal få tilbod om tredje dose før jul.

– Det skal ha gått minimum fem månadar sidan ein fekk dose to, før ein kan få dose tre. Det er sett opp eigne vaksinasjonsdagar fordelt mellom aldersgrupper, og drop-in ut ifrå fødselsmånad, skriv Fitjar kommune på heimesida si.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vaksinasjonsstaden er endra tilbake til Fitjar kultur- og idrettsbygg.