TILTAK: Stord kommune ber alle verksemder med publikumskontakt setja i verk tiltak mot smittespreiing. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Ber om fleire tiltak

Stord kommune har sendt ut brev til alle verksemder som har publikumskontakt.

– Stord kommune oppmodar alle verksemder, butikkar, kjøpesenter med fleire å setja i verk tiltak som gjer at folk i størst mogeleg grad held avstand til kvarandre medan dei er i lokala, står det i brevet.

Tidlegare har matbutikkar, bensinstasjonar og apotek fått beskjed om tiltak for å hindra smittespreiing. No går kommunen ut breiare.

– Det kan vera ved synlege oppslag, tiltak mot at folk vert ståande for tett og aktiv rådgjeving for å bryta opp kontakt mellom grupper. Be folk venta i bilane dersom det vert opp-hop av folk i lokala - alle skal få koma inn etter kvart og få det dei treng. Me er berre i starten på ein epidemi. Greier næringslivet ved frivillige tiltak å gjennomføra eit godt smittevern, kan me gjerne sleppa at det vert ytterlegare stenging av verksemder. Næringslivet treng folk og folk treng næringslivet - ver saman - på avstand! skriv Stord kommune.

I brevet rosar kommunen arbeidet som blir gjort i næringslivet og kjem med utrykk for uro for handelssvikten som følgje av korona-krisa.