Fungerande ordførar Jakob Bjelland (Sp) og rådmann Magnus Mjør gjev stordabuen ros for innsatsen så langt under koronaepidemien. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen.

Ber stordabuen om å framleis halda avstand

– Kvar einskild må ta ansvar, seier Jakob Bjelland.

Den fungerande ordføraren har saman med rådmann Magnus Mjør skrive ei sommarhelsing til innbyggjarane i Stord. Der takkar dei for innsatsen mot overføring av koronasmitte. Dei åtvarar samstundes om at situasjonen ikkje er over.

«Me må likevel hugsa at «koronaforskriftene» framleis gjeld i heile landet. Me veit at viruset er her og må kjempa mot at det formeirar seg. Dette gjer med ved ulike tiltak som me må halda fast ved. Virus treng oss som berarar, for å kunna formeira seg. Me bremsar formeiring ved å hindra overføring mellom folk», skriv dei i innlegget som er publisert på Stord kommune si nettside.

Les også
Oppsving i koronasmitte: Høgaste talet på nye smittetilfelle på fem veker

Bjelland og Mjør meiner at levereglar som innbyggjarane må føra vidare i kvardagen er eigentleg lette.

«Dei let seg gjennomføra. Me kan unngå ny nedstenging av samfunnet og kan har det triveleg saman. Det gjeld avstand – reinhald av hender og kontaktpunkt – og at dei som kjenner seg litt sjuke i luftvegane, skjermar seg frå andre», skriv dei.

Les også
Norsk koronastudie: Større smitte internt i familiar enn tidlegare påvist

Ordføraren og rådmannen minner også om at det kan bli fleire folk enn me er vane med på Stord denne sommaren.

«Me skal ta imot besøkjande, reisa rundt og vitja kvarande. Sosial aktivitet opnar for overføring av virus. Den skal såleis heile tida kombinerast med dei kjende levereglane for avstand og hygiene. Det får me til og det vil gagna alle. Me kan oppleva at det vert store samlingar av folk, men då kan kvar einskild ta ansvar for avstanden til dei andre og ev. trekkja seg tilbake etter kvart», skriv dei.

Les også
I mai var det berre tre dødsfall i Stord kommune. I fjor var talet 12