I studio: Vekas gjest i Stordpodden er Berit Hovstad. Foto: Kjetil Fyllingen

Berit starta mikrobakeri i kjellaren

Bli betre kjend med Berit Hovstad i den nyaste episoden av Stordpodden.

Denne veka vitjar bakaren på Roleghaugen Kjetil Fyllingen i studio, der Hovstad mellom anna fortel om kvifor ho elskar å baka. Interessa for matlaging kom tidleg i barndommen.

– Eg var ekstremt oppteken av mat. Då eg la meg om kvelden planla eg ofte kva eg skulle ha på skiva dagen etter. Mamma lagde brød på torsdagar, og i kveldinga om torsdagane var det alltid eit godt måltid. Fredagane var bra, laurdagen og søndagen var bra, så gleda eg meg til torsdagen då mamma skulle baka brød igjen, fortel ho.

Hovstad vaks opp i Fitjarstølane på Fitjar.

– Det som var fint med å veksa opp på Fitjar, var at det var veldig fritt, trygt og det kjentest veldig stabilt og godt å bu på Fitjar for min del. Det var mykje fint som skjedde både i feriar og på skulen. Eg hadde alltid gode vener som budde rett ved sidan av. Hadde alltid lag til og frå skulen. Me hadde ein veldig tillitsfull oppvekst. Også hadde me mykje gøy ute i øyane, fortel ho.

Episoden med Hovstad kan du høyra her:

Eller i Spotify:

I tillegg finn du Stordpodden i Apple Podcasts her, og elles ei oversikt over andre avspelingsmogelegheiter her.

Her kan du høyra fleire utgåver av Stordpodden:

Bli betre kjend med (tidlegare) Sykkel & Kaffi-Stein

Anne-Beate Ulveseth Lilletvedt brenn for flyktningar

Artikkelen held fram under annonsen.

SNG-leiar Jan Kåre Pedersen om vegen frå telemontør til bedriftsleiar

Ingvild Hjellestad Johannesen brenn for teaterlaget

Jan Roar Hovland gjev sine beste tips for at born skal oppleva meistring i idrett

Christin Kalve om trening, kosthald og livet med ADHD

Aase Lilleskare Lund om Haiti-turen som vart eit minne for livet

Magdalena From Delis om dansen og oppveksten

Kattnakken-gründer Silje Vatne Ersland om korleis du kan lukkast som gründer

NRK-Martha om oppveksten, magen og jobben som programleiar

Ordførar Gaute Straume Epland om då livet tok ei brå vending

Gerda Malene Øen snakkar ut om turlaget og oppveksten på Leirvik

Artikkelen held fram under annonsen.

Kristian Harnes satsar på kortreiste møblar

Redaktør Magne Kydland om podkast-satsinga