ULUKKE: Ein bil skal ha hamna på taket på Bømlo, og naudetatar er på veg til staden torsdag morgon. Bilførar kom frå uhellet utan skader. FOTO: Arkiv

Bil hamna på taket og sperra vegen

Svært glatt på Bømlo torsdag morgon.

Rett før klokka 7 torsdag morgon fekk politiet melding om at ein bil skal ha hamna på taket på Bømlo. Nærmare bestemt i Giljevegen i nærleiken av Sætre.

Eit einsleg køyretøy har vore involvert, skriv politiet, som vidare skriv at det er svært glatt på staden, og at uhellet skal ha skjedd i låg hastigheit.

Klokka 07.40 skriv politiet at førar er sjekka av helsepersonell på staden, og at han er uskadd. Han vert avhøyrt på staden. Bilbergar er på veg.