UTFORKØYRING: Politiet er på staden etter at ein bil skal ha køyrd ut av vegen på E39. ILLUSTRASJONSFOTO: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Bil har køyrd ut av vegen

Ein bil skal ha hamna på eit jorde nord for Jektevik søndag kveld.

– Me fekk melding klokka 19.28 frå folk som hadde observert at ein bil køyrde ut av vegen nord for Jektavik få minutt tidlegare, seier Toralv Skårland, operasjonsleiar ved Sør-Vest politidistrikt, til Sunnhordland.

– Me har førebels ikkje oversikt over kva som har skjedd. Politipatruljen kom til staden for kort tid sidan. Dei har hatt kontakt med føraren og ein passasjer, og begge framstår som uskadd etter hendinga, seier Skårland.