Ein bil med motorstopp førte til at Bømlafjordtunnelen måtte stengja mellombels. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Bil med stans stengde Bømlafjordtunnelen

Bømlafjordtunnelen var stengd ein kort periode måndag.

Klokka 13.21 måndag melde Vegtrafikksentralen vest at Bømlafjordtunnelen var stengd.

Dette på grunn av ein bil med motorstopp i tunnelen.

– Bilbergar på veg. Står ein bil ca. 500 meter inn i tunnel frå Stord-sida, skriv Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

Klokka 13.37 opna tunnelen att.