TUNNELBRANN: Brannvesenet rykker ut til Bømlafjordtunnelen etter meldingar om bilbrann. Foto: Statens Kartverk/Sunnhordland

Bilbrann i Bømlafjordtunnelen

Full brannutrykking på E39.

Søndag ettermiddag i 15-tida stengde Vegtrafikksentralen Bømlafjordtunnelen for trafikk grunna høge gassverdiar i tunnelløpet.

– Høge gassverdiar vil seia forureining av nitrogenmonoksid– eller karbonmonoksidgassar. Det er noko som kan skje dersom det er mykje trafikk, eller om nokon står i tunnelen med motoren på, seier trafikkoperatør Frode Holm ved Vegtrafikksentralen til Sunnhordland klokka 15.13.

Medan Sunnhordland er på telefon med Vegtrafikksentralen opplyser Holm at dei observerer ein havarist i tunnelen.

– Me ser at me har ein havarist i tunnelen no, og må stengja tunnelen igjen. Det kan vera dei som skapt dei høge karbonmonoksidverdiane, seier Frode Holm før telefonsamtalen vert avslutta.

Minuttar etterpå klokka 15.21 melder Vegtrafikksentralen om bilbrann i Bømlafjordtunnelen. Stord brann og redning rykkjer ut.

Klokka 15.34 melder Sør-Vest politidistrikt at brannen i mottorromet på bilen er sløkt. Det er ikkje meld om personskadar. I 16.15-tida byrja politiet og dirigera trafikken forbi på staden.

Like etter fekk ein annan bil også problem, denne gongen i tunnelopninga ved Føyno. Politiet dirigerte då trafikken forbi på staden.