Ein bilførar vart laurdag føremiddag henta med ambulanse etter ei trafikkulukke i Sandvikvåg.
Ein bilførar vart laurdag føremiddag henta med ambulanse etter ei trafikkulukke i Sandvikvåg. Foto: Henrik Mundal Andreassen/ARKIV

Bilførar til sjukehus etter ulukke

Ein person til sjukehus etter ei trafikkulukke i formiddag.

Klokka 11:52 mottok politiet melding om ei trafikkulukke ved Sandvikvåg.

Ein bil har kollidert med ein annan bil, og deretter havna i grøfta. Det melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter. Alle dei involverte er frå Fitjar.

Det var fleire i den eine bilen, men alle kom frå det uskadde. I bilen som havna i grøfta, var føraren åleine. Mannen (32) vart teken hand om av ambulanse og kjørt til sjukehus.

- Han har truleg hatt høg fart. I tillegg er han truleg rusa, slik at politiet fulgte etter ambulansen til sjukehuset, fortel operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt Kurt Løklingholm.

Skadeomfanget er ukjent.

- Me veit ikkje alvorlighetsgraden, men han var oppegåande, seier Løklingholm.

Politiet har oppretta sak og vil anmelde forholdet.

Trafikken går som normalt.

#FITJAR kl 1152 melding om trafikkulykke ved Sandvikvåg. En bil har kollidert med en annen bil og deretter havnet i grøften. Fører av bilen er tatt hånd om av ambulanse og kjøres sykehus. Skadeomfanget er ukjent. Politiet undersøker saken videre.

— Politiet i Sør-Vest (@politietsorvest)June 23, 2018