ULUKKE: Fire personar blei påkøyrd ved salsbua på Gjermundshamn ferjekai måndag formiddagen. Politiet omtalar hendinga som ei ulukke. Det var ei eldre kvinne som køyrde bilen. Ho er teken hand om av politiet. Foto: Tipsar

Tre kvinner og éin mann sendt til Haukeland

Blei påkøyrd på ferjekai måndag formiddag.

Vest politidistrikt melder om fleire påkøyrde fotgjengarar på Gjermundshamn ferjekai i Kvinnherad.

«Totalt fire fotgjengarar treft av bilen. Per no ikkje noko som indikerer at det var ei medvite handling», melder Vest politidistrikt på Twitter.

Ifølgje VG skal minst éin person vera alvorleg skadd.

Luftambulanse og redningshelikopter skal vera på veg til ferjekaien. Det skal vera ei eldre kvinne som har køyrt bilen.

Klokka 13.15 melder Vest politidistrikt at forgjengarane har vore i tilknyting til ei salsbu. Politiet skal ha kontroll på den eldre bilføraren.

Laila Hagenes stadfestar overfor Sunnhordland at Fitjar-selskapet Ola Korsvik AS hadde utsal på Gjermundshamn ferjekai måndag formiddag. Ho seier at medarbeidaren som var på jobb i salsbua er prega av hendinga.

Operasjonsleiar Tore-André Brakstad opplyser overfor avisa Kvinnheringen like før klokka 13 at ein person er kritisk skadd. Dei tre andre lettare skadde.

NRK Vestland melder at fire personar, alle over 70 år, er sendt til Haukeland universitetssjukehus.