SJEKKA FARTEN PÅ E39: Ein rask bilist må ut med 5.500 kroner til statskassa etter å ha køyrt for fort forbi Jektavik. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Bilist må ut med 5.500 kroner etter fartskontroll i Jektavik

Påskekontroll på E39.

Onsdag kveld hadde politiet fartskontroll ved 60-sona i Jektavik.

– Politiet delte ut fire forenkla førelegg, høgaste hastigheit var 77 kilometer i timen, seier vaktsjef Håkon Tornes ved politistasjonen i Haugesund.

Ifølgje politiet sine bøtesatsar betyr ein fart på 77 km/t i 60-sona bøter på 5.500 kroner.

Les også
Måtte avslutta festen på Stord