Ein mann i 60-åra er no meldt til politiet for å nærmast ha pressa ein moped av vegen på E39.
Ein mann i 60-åra er no meldt til politiet for å nærmast ha pressa ein moped av vegen på E39. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ILLUSTRASJON

Bilist skal ha pressa moped av vegen på E39

Politipatrulje reagerte på køyringa.

Måndag føremiddag vart ein politipatrulje vitne til at ein bil køyrde forbi ein moped på E39 ved Heiane. Ifølgje politiet skal forbikøyringa ha vorte gjort på ein slik måte, at mopeden nærmast vart pressa av vegen.

– Føraren av bilen vert meldt til politiet for køyringa. Men det er ikkje teke beslag i førarkortet, seier Jostein Reiestad ved operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt.

Det er ikkje meldt om skade på verken moped eller mopedist, men saka vert vidare etterforska politiet. Ein jurist skal ta stilling til om det er grunnlag for beslag av førarkort. Bilføraren er ein mann i 60-åra.

I samband med arbeid i Langelandsvegen er denne vegen stengt for trafikk.

Stord kommune har i det høvetoppretta avtale med grunneigar, slik at mopedar kan køyra gjennom Eldøy for å komma til Leirvik, i staden for på E39.