annonse

Bilisten fekk ei bot på 7.000 kroner for dette

Feil
Feil: Bilisten hadde 250 kilo for mykje i hengjaren. Det kan føra til farlege situasjonar. (Foto: Politiet)

Overlasta påverka bilen si styreevne.

Vidar Hope

– Det er ikkje berre å lessa på så mykje du får plass til på tilhengjaren. Det fekk nyleg sjåføren av denne bilen erfara. Han hadde 250 kg for mykje på tilhengjaren og mangelfull sikring av last. For dette fekk han eit forelegg på 7.000 kroner, skriv Sørvest politidistrikt.

Det er mange reglar for bruk av tilhengjar, men på Statens vegvesen sin tilhengjarkalkulator finn du enkelt ut kor mykje bilen kan trekkja og kor mykje du dermed kan lasta på.

– Viktigast av alt: Overvekt påverkar bilen si styreevne og bremselengd. Det bør vera grunn nok til å sjekka at du er innanfor regelverket. Hugs også å sjekka kva førarkortet ditt tillet, melder politiet.

Les også: Slik får du førarkortet på telefonen

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut