Bilisten hadde 250 kilo for mykje i hengjaren. Det kan føra til farlege situasjonar.
Bilisten hadde 250 kilo for mykje i hengjaren. Det kan føra til farlege situasjonar. Foto: Politiet

Bilisten fekk ei bot på 7.000 kroner for dette

Overlasta påverka bilen si styreevne.

– Det er ikkje berre å lessa på så mykje du får plass til på tilhengjaren. Det fekk nyleg sjåføren av denne bilen erfara. Han hadde 250 kg for mykje på tilhengjaren og mangelfull sikring av last. For dette fekk han eit forelegg på 7.000 kroner, skriv Sørvest politidistrikt.

Det er mange reglar for bruk av tilhengjar, men på Statens vegvesen sintilhengjarkalkulator finn du enkelt ut kor mykje bilen kan trekkja og kor mykje du dermed kan lasta på.

– Viktigast av alt: Overvekt påverkar bilen si styreevne og bremselengd. Det bør vera grunn nok til å sjekka at du er innanfor regelverket. Hugs også å sjekka kva førarkortet ditt tillet, melder politiet.

Les også:Slik får du førarkortet på telefonen