Bioingeniørar:: Dei to bioingeniørane Rigmor Åsen (t.h) og Heidi Botnen Akselsen i arbeid i laboratoriet på Haugesund sjukehus. Foto: Eirik Dankel/Helse Fonna

Blant dei første i landet til å påvisa korona-antistoff

Haugesund sjukehus ligg langt framme.

Laboratorium for medisinsk biokjemi på Haugesund første er blant dei første i landet som kan påvisa antistoff frå Covid-19, melder Helse Fonna i ei pressemelding.

Svar

– Ja, frå og med denne veka kan me analysera blodprøvar for å påvisa antistoff, det vil seia få svar på om nokon har vore smitta av Covid-19, stadfestar avdelingsleiar Anne Mari Hagen i avdeling for laboratoriemedisin ved Haugesund sjukehus.

Dermed er dei blant dei i landet som er først ute med slike analysar. Det er utført eit veldig godt arbeid av bioingeniørane og avdelingsoverlegen for å få verifisert denne analysen på kort tid.

– Dette er ikkje ein såkalla hurtigtest, der ein får svar på få minutt. Dei er for usikre. Dette er ein langt sikrare og meir omfattande analyse, forklarar avdelingsoverlege Sutirtha Chakraborty, som presiserer at testen ikkje må forvekslast med testar som påviser smitte.

Les også
På veg mot normalen

Stort behov

Grunnen til at Helse Fonna er tidleg ute med slike analysar er at dei oppdaga etterspurnad frå lokale fastlegar. Dermed sonderte dei behovet i primærhelsetenesta, og svaret var klart: Det var eit stort behov. No er dei klare til å ta imot prøvar frå heile Helse Fonna-området.

– Me har fått god hjelp frå smittevernoverlege Teis Qvale i Haugesund, som har vore i kontakt med pasientar som har vore smitta, og som velvillig har stilt opp og gjeve blodprøve. Dette for å testa at analysen vår fungerer, og det gjer han. Alle testa positivt på antistoff. Samstundes analyserte me eitt år gammalt serum, som låg nedfrose, og som me håpa skulle vera negative, og det var dei, fortel Hagen.

Alt dei første timane måndag analyserte Chakraborty og bioingeniørane hans over 50 blodprøvar. Kapasiteten er tusen testar per veke.

Kjærkomme tilbod

Teis Qvale er glad for at han og andre legar i regionen no kan få analysert blodprøvar, og han reknar med det blir stor pågang frå pasientar som vil ta slik test.

– Ja, for oss, og ikkje minst pasientane, er dette eit kjærkomme tilbod. Ein må hugsa på at koronapandemien braut ut i ein periode då årets influensasesong var på sitt høgaste, og pågangen av folk som ville testa seg for Covid 19 var stor. Det var mange som ikkje fekk gjennomføra slik test, fordi symptoma ikkje var sterke nok, men som i ettertid nok lurer på om dei har hatt koronasmitte. Difor er eg glad for at me no kan tilby slike analysar, seier Qvale, som også trur Helsedirektoratet vil vera interesserte i tal til sine statsstikkar.

Les også
Måtte korona-utsetja lappen i to månader

– Studiar i Oslo viste at 1-2 prosent av dei som fekk påvist antistoff framleis var smitta, så det blir spennande å sjå om det er det same her, seier Qvale, som understrekar at pasientane må ta kontakt med fastlegen sin for å få teke blodprøve.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg reknar med at pågangen blir stor, men det er ikkje berre å møta opp utan avtale for å ta blodprøve. Ein må ringja og bestilla tid i forkant, seier Qvale.

Stolte

Også avdelingsleiaren trur dette blir eit populært tilbod.

– Og analysen er veldig god. Vi er veldig stolte over å kunne tilby analysen til våre rekvirentar. Meir utfyllande informasjon om tilbodet kan ein finna i vår lab-handbok, der er det også mogeleg å abonnere på lab-info, eg håpar mange vil gjere dette, avsluttar ei stolt og glad Anne Mari Hagen.

Les også
Kvitta seg med koronasveisen