annonse

Blei høyrde om tingretten

Dragkamp
Dragkamp: Det blir likevel ikkje felles sorenskrivar med Haugalandet. No har det komme melding frå sentralt hald at det vil bli konstituert mellombels sorenskrivar på Sunnhordland tingrett fram til 31. oktober. (Foto: )

Får likevel behalda sorenskrivaren, inntil vidare iallfall.

Magne Kydland

Sorenskrivar Knut Gramstad har fått melding frå Domstoladministrasjonen (DA) om at det vert konstituert mellombels sorenskrivar på Sunnhordland tingrett fram til 31. oktober.

– Det betyr at det ikkje vert innført felles leiing mellom Sunnhordland og Haugaland i første omgang, og at den vidare skjebnen til Sunnhordland tingrett vert avgjort som del av behandlinga av Domstolskommisjonen si innstilling som skal leggjast fram 1. oktober. Det er veldig positivt. Det er dette me har bede om heile vegen, og gjer at me no får ein reell sjanse til å kjempa for den løysinga me ynskjer lokalt, nemleg samanslåing av Sunnhordland og Hardanger tingrett, opplyser Stord-ordførar Gaute Straume Epland.

Avgjerda kjem etter at Epland, saman med ein delegasjon frå Sunnhordland og Hardanger, i førre veke var i Oslo og diskuterte saka med justisminister Jøran Kallmyr, som dermed har overstyrt DA i denne saka.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut