Politiet: Ein patrulje måtte henta ein full mann på ein privat adresse onsdag kveld. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Blei ikkje kvitt full og aggressiv mann

Ein patrulje måtte køyra heim ein full mann i 60-åra frå ein bustad på Stord onsdag kveld.

Mannen var opphavleg på besøk i bustaden, men politiet vart tilkalla då huseigar ikkje vart kvitt personen.

– Han var godt rusa og litt aggressiv. Ein patrulje reiste til adressa, plukka med seg mannen og køyrde han heim, fortel vaktsjef Håkon Tornes hos Haugesund politistasjon.

Ifølgje vaktsjefen er det ikkje oppretta sak på hendinga, som skjedde i 21-tida onsdag.