Ingen heime: Ein politipatrulje rykte ut til Sagvåg etter melding om pågåande innbrot i ein bustad. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Vitne melde frå om pågåande innbrot

Politiet rykte ut til bustad.

Fredag morgon fekk politiet på Stord melding om eit pågåande innbrot i ein bustad i Sagvåg.

Ein patrulje rykte ut til staden klokka 07, og fekk kontroll på tre personar. Alle er kjenningar av politiet, og vart avhøyrt på staden.

– Dei tre personane vart teke inne i bustaden. Dei hadde komme seg inn via eit vindauge på terrassen. Så tjuveri vart avverja, dei kom seg ikkje så mykje lenger enn inn, seier operasjonsleiar Anders Oppedal hos Sørvest politidistrikt.

Det var eit vitne på staden som melde ifrå om innbrotet. I bustaden det vart gjort innbrot i var det ingen heime.

Les også
Tok førarkort etter ruskøyring