I studio: Sunnhordland-redaktør Hilde Vormedal Nybø gjestar Stordpodden denne veka. Foto: Kjetil Fyllingen

Bli betre kjent med Sunnhordland-redaktøren i Stordpodden

Sunnhordland-redaktør Hilde Vormedal Nybø er gjest i den nye episoden av Stordpodden.

1. april fekk Sunnhordland ny ansvarleg redaktør, og for første gang i avisa sin 118 år lange historie fall valet på ein kvinneleg redaktør.

I dag, 1. mai, har Sunnhordland bursdag, og i den anledning passa det programleiar Kjetil Fyllingen godt å ta ein prat med Hilde Vormedal Nybø.

Les også
Sunnhordland har fått ny ansvarleg redaktør

I episoden får du høyra om Nybø sin veg til journalistikken, om utfordrande hendingar ho har dekka, korleis koronakrisa påverkar mediehuset, og du får i tillegg gode tips til korleis du kan bli ein god journalist.

Stordpodden finn du mellom anna på Spotify, og du kan også lytta til episoden her:

Samleside for «Stordpodden» med alle episodar finn du her.