REGISTRERING: Alle som vil ha vaksine i Stord er no nøydde til å registera seg, elles får ein ikkje innkalling. Arkivfoto: Kristine Brandsdal Barane

Blir ikkje kalla til vaksine om ein ikkje er registrert

– No er folk heilt nøydde til å registera seg for å få vaksine, seier Knut J. Gram i Stord kommune.

Sunnhordland har dei siste dagane blitt kontakta av fleire som føler seg «gløymde» i vaksinasjonskøen.

No kjem kommunalsjef Knut. J. Gram med oppklarande informasjon.

– Når me no kjem ned i dei yngre aldersgruppene så kan me ikkje driva å ringa lenger. Folk må registera seg for å bli med i vaksinasjonsprogrammet. Det føler eg at me har vore tydelege på både i annonseringa vår og i uttaler i media, seier Gram.

Les også
Slik er fordelinga av vaksine på Stord og Fitjar denne veka
KOMMUNALSJEF: Knut J. Gram. Foto: Henrik Mundal Andreassen

SMS er stadfesting

Sunnhordland har også blitt kontakta av folk som har registrert seg, men som ikkje kjenner seg sikre på at dei faktisk er registrert.

– Dersom du har fått ein SMS der det står at du har registrert deg, så er du registrert, fortel Gram.

Han seier at når ein står for tur så vil ein få ein SMS der ein får ulike dato-alternativ som ein må velja. Dersom meldinga tilbake av ein eller anna grunn feilar, så vil dette også bli fanga opp, ifølgje Gram.

Les også
Solveig og Marit har meldt seg frivillig til å stikka stordabuen. No vil dei ha fleire med på laget

Vil bli prioritert

Gram seier at folk som ikkje er sikker på om dei er registrert, kan kontakta koronatelefonen for å få svar.

– Dersom ein er i 60-åra og har gløymd å registrera seg og ikkje har fått vaksine, hamnar ein no bakarst i køen?

– Då må ein registera seg, så vil ein bli prioritert ganske raskt, seier Knut J. Gram.

Les også
Nedkjølte vaksinedosar levde farleg då straumen gjekk