Undersøkjer: Politiet lurar på kvifor ein bom ligg nede på Vabakkjen. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Bom låg nede på Vabakkjen - skapte kø

Politiet var på staden for å undersøkja kvifor bommen låg nede.

Ein tipsar melde ifrå om at det hopa seg opp kø langs E39 på Vabakkjen litt over klokka halv sju onsdag kveld. Kurt Løklingholm, operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, fortel at årsaka til kødanninga er at ein bom ligg nede.

– Me lurer litt på kvifor den er nede. Det er alt eg veit. Vegtrafikksentralen visste heller ikkje kvifor. Eg reknar med det løyser seg ganske kjapt med den bommen. Det må jo gå an å få han opp igjen, seier operasjonsleiaren til Sunnhordland.