Bømlafjordtunnelen: Tunnelen var i ein kort periode søndag stengd grunna trafikkuhell. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen.

Bømlafjordtunnelen var stengd grunna trafikkulukke

Ulukka skal truleg ha skjedd i høve ei forbikøyring i tunnelen.

Klokka 16.03 søndag fekk Sør-Vest politidistrikt melding om ei trafikkulukke i Bømlafjordtunnelen.

– Vegtrafikksentralen held no tunnelen stengd, i påvente av at naudetatar kjem til staden, meldte politiet på Twitter.

Politiet skriv vidare at ulukka skal ha skjedd som følgje av ei forbikøyring og at totalt tre personbilar var involvert.

– Det er ikkje snakk om personskadar og det blir gjort avhøyr på staden, melder dei.

Seinare, klokka 16.40, melde Vegtrafikksentralen Vest at tunnelen er opna for trafikk igjen. Føraren som skal ha forårsaka ulukka har fått førarkortet beslaglagt.