Gjestar studio: I veke 30 er Simon Nesse Økland gjest i Sunnhordlandpodden. Foto: Kjetil Fyllingen

Bømlingen deler sin beste burgar-oppskrift med laks

Programleiar Kjetil Fyllingen får besøk av Simon Nesse Økland i studio.

Han er styreleiar for Bømlo Næringsråd og leiar for utviklingsavdelinga til Bremnes Seashore. Fire gongar har bømlingen vore på podiet og henta premie som vinnar av «Det norske måltid», som er ei årleg kåring av dei beste mat- og drikkeprodusentane i landet.

I episoden får du høyra om korleis han vart interessert i fiske og havbruk, og du får ei god oppskrift på Salma-burgaren. Nesse Økland deler også tips om kva du kan utforska på Bømlo.

Høyr den nyaste episoden av Sunnhordlandpodden her:

… eller via denne lenkja.

Her er oversikta over alle episodane av Sunnhordlandpodden.