Naudetatane fekk melding om brannen klokka 06.30 fredag. Foto: Politiet

Brann i anlegg på Svartasmoget

Brannvesenet har kontroll på situasjonen.

Tidleg fredag blei det observert brann på Svartasmoget.

Ifølgje politiet skal det ha vore brann i eit lager med mellom anna eternitt (materiale av asbest). Naudetatane fekk melding om brannen klokka 06.30.

– Røyk og nedfall kan vera helsesfarleg og publikum vert beden om å halda seg vekk frå området, melde politiet på Twitter tidlegare.

Brannen er no under kontroll. Foto: Politiet

Det skal ha vore opne flammar i ein enden av lageret, og ulming i den andre enden. Rundt klokka 08.00 kom det melding om at brannen var sløkt, men at brannmannskapet framleis jobbar på staden. Tilsette ved anlegget er sendt inn i området for å bistå brannvesenet.