Tysdag kveld brann det i Kviteluren. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Huseigar avverja storbrann med hageslange

Politiet i Sørvest meldte på Twitter like over klokka ni tysdag kveld at naudetatane var på veg til Kviteluren på Stord, der det var meldt om brann i ein garasje.

– Brannen er no sløkt. Huseigar sto med brannslange då me kom og har nok avverja mykje, seier Jan Tore Brückner, innsatsleiar ved Stord brannvesen til Sunnhordland klokka 21.10.

Det var ikkje bilar i garasjen då brannen tok til.

Les også
Ny garasjebrann: – Påfallande nært kvarandre
Les også
I varetekt etter garasjebrannane