Politiet og brannvesenet rykte ut til brann i ei jolle ved Sponavikjo i dag tidleg.
Politiet og brannvesenet rykte ut til brann i ei jolle ved Sponavikjo i dag tidleg. Foto: Henrik Mundal Andreassen/Illustrasjon

Brann i jolle

Ei jolle som låg på land vart øydelagt i brann.

I sekstida onsdag morgon fekk politi og brannvesen melding om brann i ei jolle, som låg på land i nærleiken av Sponavikjo.

– Politiet og brannvesenet er på staden. Jolla er utbrend, og det er ikkje folk i nærleiken, melde Sør-Vest politidistrikt på Twitter klokka 06.16.

Klokka 08.30 melder politiet sin vaktsjef i Haugesund at båten har blitt fjerna frå Sponavikjo av brannvesenet. Politiet veit førebels ikkje veit kven eigaren er.

– Det nummeret som stod på båten får me ikkje fatt i noko eigar på, i det småbåtregisteret som me har tilgang til, seier Gunnar Sande ved politihuset i Haugesund.