BRANN PÅ VERFTSOMRÅDET: Naudetatane rykte ut til Kjøtteinen etter at det tok fyr inne på Servicesenteret, eit bygg som ligg inne på industriområdet til Kværner. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Brann ved industriområdet på Eldøyane

Meldingar om røykutvikling ved industribygg.

Søndag ettermiddag i 13-tida rykte Stord brann og redning ut etter meldingar om røykutvikling i eit bygg ved Verftsvegen på Stord.

– Det vart tidleg klart at det ikkje skal vera folk inne i bygningen, det skal vera ein brakkerigg. Det er røyk på innsida, og røykdykkarar frå brannvesenet er på veg inn, melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

Klokka 13:45 skal den synlege brannen ha vert sløkt melder Sør-Vest Politidistrikt. Frode Lillerud i Stord brann og redning melder at dei hadde god kontroll på situasjonen rundt klokka 14:10, og at brannvesenet hadde fått god hjelp av industrivernet til Kværner på staden. Odd Naustdal kommunikasjonssjef i Kværner på Stord, opplyser til Sunnhordland at det ikkje skal ha vore folk på jobb der det brann, og at det ikkje er meld om personskadar.

Politiet sine første meldingar gjekk ut på at det var snakk om brann i ein brakkerigg, dette viste seg etter kvart å ikkje stemma, og vart seinare retta til å gjelda Servicesenteret.