Hybridferja «Ytterøyningen» er framleis trugande til å gi frå seg fleire eksplosjonar. Brannmannskap utfører no gassmålingar om bord.
Hybridferja «Ytterøyningen» er framleis trugande til å gi frå seg fleire eksplosjonar. Brannmannskap utfører no gassmålingar om bord. Foto: Håvard Sætrevik / Grenda

Brannmannskap går om bord i batteriferja

Skal vurdera tryggleiken for vidare arbeid.

Mannskap frå brannvesenet i Kvinnherad og Bergen tek seg no om bord i den brannråka batteriferja «Ytterøyningen» som ligg til på Sydnes ferjekai.

– I samarbeid med Bergen brannvesen gjer me ein innsats i å avdekka om det framleis lek gass frå batterirommet, seier innsatsleiar Atle Josdal til Sunnhordland.

Brannmannskapet tek seg ned i naudutgangen til området eksplosjonen gjekk tidleg fredag morgon. Her skal dei ta gassmålingar.

– Dette gjer me for eigen tryggleik, for å avdekka eventuelle farar i det vidare arbeidet, seier Josdal.

Han legg til at det kjem til å bli ein lang dag for brannmannskapet på Sydnes.

NRK Hordaland melder at ekspertane frå brannvesenet i Bergen ikkje gjorde funn av gass på målingane. Temperaturen rundt batteria skal heller ikkje vera påfallande varmt, ifølgje 110-sentralen. 

NRK skriv vidare at ein tilsett på ferja skal vera med brannvesenet om bord for å gjera ei synfaring i ettermiddag.

Ferjedramaet på Sydnes:

-

Fleire tusen liter Fjelberg-mjølk i fare

Artikkelen held fram under annonsen.

-

Mor og son vakna av eksplosjonen

-

MF «Sveio» går inn i reserverute etter ferjebrannen

-

Meldingar om eksplosjonar og røyk i morgontimane

-

Brann om bord på batteriferje