Fitjar brannvesen pakkar sakene sine. I helga skal SIM-tilsette ha brannvakt. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Brannmannskapet forlet Svartasmoget

Har kontroll over situasjonen.

Rundt klokka 13.00 drog Fitjar brannvesen frå Svartasmoget. Då hadde dei vore på staden sidan meldinga om brann kom klokka 06.30 i dag tidleg.

Det blei først meldt at brannen var under kontroll, men etter at vindforholda endra seg, blei det sett i verk tiltak. Mellom anna blei tilsette frå eit oppdrettsanlegg evakuerte, og fleire huseigarar fekk beskjed om å stengja vindauge og ventilar.

SIM vil ha brannvakt gjennom helga. Dei har god kontroll no, får Sunnhordland opplyst på staden. Det er lite røyk og det blir fylt på med meir vatn.

Slik såg det ut på Svartasmogen fredag morgon. Foto: Politiet