POLITI: På nasjonaldagen var det ein nabo som heldt på med å snikra på terrassen. Foto: Henrik Mundal Andreassen/arkiv

Braut heilagdagsfreden med å snikra

Fekk telefon frå politiet.

I 18-tida på nasjonaldagen fekk politiet bekymringsmelding frå eit nabolag på Bømlo.

– Meldinga gjekk på brot av heilagdagsfred då ein nabo haldt på å snikra på terrassen, seier vaktsjef Nina Fagerland ved politihuset i Haugesund.

Politiet ringde opp til vedkommande, som følgde pålegget og slutta arbeidet med ein gong.

Les også
Køyrde moped etter å ha drukke