Norsk brannvernforening oppfordrar alle til å laga ein brannplan for bustaden, og ha brannøving heime i til dømes påsken. Illustrasjonsfoto: Marius Knutsen

– Bruk påsken til å arrangera brannøving heime

Kva gjer du om det byrjar å brenna der du bur? Veit du når du kan forsøkja å sløkkja branntilløpet sjølv og når du bør ringa brannvesenet? Har dykk avtalt ein møteplass ute?

Norsk brannvernforening oppfordrar alle til å laga ein brannplan for bustaden med informasjon om rømmingsveg og ei oppskrift på kva ein skal gjera om det byrjarar å brenna. Og når planen er laga, er det viktig å øva.

– Med heimepåske har dei fleste av oss truleg meir tid enn vanleg. Me oppfordrar alle til å bruka litt av påsken til å auka kunnskapen om brannvern og ha ei brannøving heime. Uansett om du bur åleine, eller saman med fleire andre, er det viktig å vita kva du skal gjera om det vert brann, seier administrerande direktør Rolf Søtorp i Norsk brannvernforening i ei pressemelding.

Les også
Viste fram den nye doningen i Fitjar

Tilpass øvinga

Brannvernsforeininga opplyser at til å starta med kan ein ha eit brannmøte med alle som bur i bustaden.

– Det er fint å setja seg ned og snakka saman om kva som kan skje om det byrjar å brenna og korleis alle bør reagera. Bruk eit scenario der det byrjar å brenna om natta, står det i pressemeldinga.

Les også
- Enkle grep kan redda liv

Korleis kjem dykk ut? Kor møtes ein for å sjå at alle er ute? Hugs at det er viktig å varsla 110 så fort som mogeleg. Ein må også vera klar over at det kan vera livsfarleg å evakuera via ein røykfylt rømmingsveg.

– Tilpass øvinga etter barna sin alder om du har barn i huset. For dei minste kan du gjerne gjera det til ein lek. Det viktigaste dei skal vita er at dei ikkje må gøyma seg om det byrjar å brenna. Og så er det veldig viktig å ha avtalt ein lett tilgjengeleg møtestad i trygg avstand frå bustaden, om det skulle byrja å brenna, seier Søtorp.

Oppskrift som utgangspunkt

Brannvernforeningen har laga ein «brannplan for heimen». Den inneheld ein oppskrift på kva ein skal gjera ved brann.

– Alle bør laga seg ein slik oppskrift, og bruka den som utgangspunkt når ein skal ha brannøving heime. Brannplanen vert tilpassa bustad og kven som bur saman, plassering av soverom og mogelege rømmingsvegar. Har ein barn må den tilpassast barna sin alder og modenheit. Planen bør deretter prøvast ut i ei brannøving, slik at dykk vert meir trygge i ein brannsituasjon. Då vil dykk også finna ut om det er punkt som bør justerast eller gjerast tydelegare, skriv brannvernsforeininga.

Les også
Mange vurderer å reisa heim i påsken. Slik vurderer Stord kommune situasjonen