FULL FYR: Huset vart overtent, men alle som bur der kom seg ut uskadde. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Bustad i full fyr

Ingen personar i huset, men det kom flammar opp gjennom taket.

Det overtente huset ligg i Tingvegen i Førde i Sveio kommune, og brannen vart meldt litt før klokka 14.30 tysdag.

Då brannvesenet kom til staden møtte dei folk frå huset utanfor, og ingen var inne.

Ei stund var det spreiingsfare med tanke på hus om lag 50 meter frå huset som brann. Mannskap frå Førde, Sveio og Leirvik var på staden for å sløkkja.

Sørvest politidistrikt skriv på Twitter at brannårsaka førebels er ukjent.

Les også
Garasje brann i Nordbygdo