Nedbrent: Det var framleis flammar å skimta, då Sunnhordland var på staden søndag føremiddag. Foto: Pål Solli Paulsen

Bygg brann ned på Fitjar i natt

Politiet har førebels ingen mistenkte.

Natt til søndag klokka 02.33 rykte naudetatane ut til meldingar om brann i eit bygg ved Leirpollen på Fitjar. Det skal vera eit falleferdig bygg, som ifølgje 110 Sør-Vest på Twitter var ei hytte. Området er no sperra av.

– Dette bygget var ubebudd, så det var ingen personar til stades eller inne i bygget då brannen pågjekk, fortel vaktsjef Rune Plassen ved Haugesund politistasjon.

Brannen hadde ingen fare for spreiing, men heile bygget er no brent ned.

– Bygget var gammalt og fuktig. Akkurat no ser me mogelegheita for at det kan ha vore påtent, men me har førebels ingen mistenkte. Me har heller ikkje meir info enn dette på noverande tidspunkt, seier Plassen.

Politiet har oppretta sak og brannen blir vidare etterforska.