PODKAST: Sunnhordland-journalist Kristine Brandsdal Barane har følgt Camilla Abelsen (t.h.) tett det siste snaue året. Resultatet kan høyrast i den nye podkasten Sunnhordland dokumentar gjennom desember og januar. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Camilla (33) sin babydraum blir podkast-dokumentar

Har hatt Sunnhordland-journalist i hælane i nærmare eitt år.

Frå neste veke og ut i januar kan du bli betre kjend med Camilla Abelsen (33) frå Stord og hennar mange forsøk på å bli gravid. Den nye podkasten Sunnhordland dokumentar smeller til med seks episodar av dokumentarserien «Camilla vil ha baby».

Dramatiske spontanabortar

Abelsen har hatt Sunnhordland-journalist Kristine Brandsdal Barane (25) og lydopptakaren hennar etter seg sidan februar.

– Eg kom over Camilla si utrulege historie ved ein tilfeldigheit på Instagram for nesten eitt år sidan, heilt i starten på februar. Der hadde ho delt ope at ho har utfordringar med å bli gravid og har spontanabortert fleire gonger. Eit aktuelt tema, som mange kjenner til, men som få snakkar høgt om, seier Barane.

Journalisten foreslo ein podkastdokumentar som no har resultert i serien «Camilla vil ha baby».

– Heldigvis ville Camilla bli med, då eg kom med forslaget. I serien blir me godt kjent med Camilla og familien hennar, gjennom heile året. Ho fortel om fleire dramatiske spontanabortar og eg følgjer ho gjennom eit prøverøyrsforsøk. Det store spørsmålet er om ho blir gravid, seier Barane.

Stolt over familien

Camilla Abelsen seier ho først var litt skeptisk.

– Fordi det er meg, mitt og mine. Men så spurte eg fleire venninner kva dei tenkte. Det er sikkert veldig mange som går gjennom det, men ein høyrer ikkje noko om det. Det er jo eit viktig tema – for meg er det i alle fall det viktigaste, seier ho.

– No er eg berre veldig glad for det, og blir stolt over oss for at me gjer det. Det blir så mykje meir ekte når ein høyrer det, enn når ein les, legg ho til.

Kristine Brandsdal Barane skryt over 33-åringen som opnar opp eige privatliv.

– Camilla er veldig god på å fortelja og har verkeleg opna seg heilt i denne podkasten. Det er kjempebra. I arbeidet med prosjektet har eg komme over mange fleire kvinner som har opplevd liknande, så alt tyder på at dette temaet bør snakkast meir om, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sunnhordland dokumentar blir tilgjengeleg overalt der ein lyttar til podkast og er open for alle. Det kjem ny episode av «Camilla vil ha baby» kvar måndag frå 14. desember. Podkasten er blitt til med støtte frå Fritt ord.

Følg med på Sunnhordland.no/camilla.