ENDELEG: Camilla Abelsen og Alexander Hollund har fått ein liten gut, Nicolai. Her på sjukehuset saman med Mina Celin (11), som har blitt storesøster. Foto: Kristine Brandsdal Barane

Camilla har fått baby: Bli med inn på føden og høyr responsen

Høyr alle episodane i podkastserien «Camilla vil ha baby», der du lyttar til podkast.

I ti år har ho drøymd om enno ein baby. Åtte påbegynte svangerskap og seks spontanabortar seinare, er endeleg babydraumen ein realitet for Camilla Abelsen og Alexander Hollund.

Me har vore på sjukehusbesøk og fått helsa på vesle Nicolai, som kom til verda søndag 26. juni på Stord sjukehus.

Høyr bonusepisodane her, på Spotify, eller der du høyrer podkast:

KAMP: Det har vore ein lang kamp å komma hit. No er dei ein familie på fire. Foto: Kristine Brandsdal Barane
KLEM: Endeleg fekk Mina Celin helsa på veslebror. Her saman med mormor Unn. Foto: Kristine Brandsdal Barane
«Camilla vil ha baby»:

Gjennom heile 2020 følgde Sunnhordland Camilla Abelsen (34) og Alexander Hollund (34) sin veg gjennom prøverøyrsforsøk, positive og negative graviditetstestar.

I podkasten «Camilla vil ha baby» har lyttarane komme tett på prosessen. Camilla Abelsen har delt intime detaljar om opp- og nedturar.

Då podkastserien enda i starten på 2021, hadde Camilla akkurat mista babyen i magen i veke 13, og ho hadde eitt prøverøyrsforsøk igjen.

No tek me opp att tråden og høyrer korleis det går med Camilla. Kva har skjedd sidan sist og kva er stoda no?

Foto: Kristine Brandsdal Barane
STOLT MORMOR: Unn Abelsen. Foto: Kristine Brandsdal Barane