Brann: Eit bosspann stod i brann i Mosterhamn i natt. Ei dame har erkjent å ha tent på. Foto: Illustrasjonsfoto

Dame sette fyr på bosspann

I Mosterhamn.

Klokka 02.13 natt til søndag fekk politiet melding om eit bosspann i brann i Mosterhamn. Politiet fekk raskt kontroll over brannen, og ei dame blei observert på staden.

Dama erkjente å ha tent på, og blir meldt for dette, melder Sørvest politidistrikt på Twitter.