FØRSTEINNTAK: Elevar frå Vestland fylke fekk onsdag svar på førsteinntaket for skuleåret 2020/21. Tal frå fylkeskommunen viser at det er ein auke i søkjarar til yrkesfagleg utdanning. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Dei fleste elevane får førstevalet sitt

Onsdag ettermiddag presenterte Vestland fylkeskommune førsteinntaket til vidaregåande skule for skuleåret 2020/21.

I ei pressemelding skriv Vestland fylkeskommune at dei fleste av dei 22.087 skuleelevane i fylket får førstevalet sitt ved inntak til vidaregåande skule.

Så langt er 19.957 søkjarar tatt inn til vidaregåande opplæring i Vestland fylke. 16.818 av desse får tilbod om skuleplass etter førsteønsket sitt for både programområde og skule. Det betyr at også i år får majoriteten av dei unge det opplæringstilbodet dei ønskjer seg allereie ved førsteinntaket.

Les også
Stord får 400.000 kroner til programmerings-utstyr i skulen

Auke i yrkesfag

I pressemeldinga kan ein òg lesa at det er ein auke i søkjartal på yrkesfagleg utdanning. I fjor var søkjartalet på 9.589, medan det i år har stige til 9.813 søkjarar. Av dei som har søkt i år, har 9.587 elevar fått plass.

Når det gjeld tala på søkjarar til studieførebuande, ser ein at det er ein liten nedgang frå i fjor til i år. Talet var på 12.439 i 2019, medan det i år har søkkt til 12.274.

Til saman har 22.087 ungdommar søkt om skuleplass i Vestland for skuleåret 2020/21, der 20.769 av søkjarane har ungdomsrett (ungdom mellom 15 og 24 år).

Les også
Betre karaktersnitt på matteeksamen for 10. klassingar

Framleis ledige plassar

Etter førsteinntaket er det 1.090 søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass. Årsaka til dette er at søkjarane ikkje har hatt det som no er dei ledige tilboda som eit av sine val når dei søkte.

Det er no 1.023 ledige skuleplassar i fylket. Søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass vil få tilbod i dei seinare inntaka, eller etter at skulane tek over inntaket. Alle søkjarar utan ungdomsrett står på venteliste og kan bli tekne inn til ledige plassar etter at skulane har teke over inntaket.

Elevane kan no sjå om dei har fått skuleplass på nettstaden vigo.no, og svarfristen på om dei tek plassen er onsdag 22. juli.

Tidsplan for inntak til vidaregåande skule i Vestland:

8. juli: Tilbod blir gitt på Vigo.no om første inntak

22. juli: Svarfrist, første inntak

29. juli: Melding om andre inntak

5. august: Svarfrist, andre inntak

10. august: Tredje inntak

17. august: Svarfrist, tredje inntak