MED PÅ AKSJONEN: Nordbygdo FUS barnehage er ein av dei private barnehagane som stengde tidlegare enn vanleg onsdag. Arkivfoto: Ingvild Siglen Berger

Går ut mot aksjon: – Dei skauv ungar, foreldre og tilsette framføre seg

Fagforbundet er kritiske til aksjonen der private barnehagar stengde dørene allereie klokka 14.00 i dag, i protest mot redusert stønad frå regjeringa.

– Aksjonen til dei private barnehagane skyv ungane og foreldra framføre seg. Regjeringa tar vekk delar av stønaden fordi dei meiner at pengane ikkje blir brukt til betre pensjon for dei tilsette, seier ein svært kritisk Karl Joachim Svendsen, seksjonsleiar for kyrkje, kultur og oppvekst i Fagforbundet på Stord.

Den mykje omtala aksjonen gjekk ut på at fleire private barnehagar ville senda barna heim klokka 14.00 onsdag.

Kritiske

Dermed braut dei avtalen mellom foreldra og barnehagen, om at dei skal halda opent i vekedagane for dei med barnehageplass. Aksjonen kom som ein reaksjon på at regjeringa vil kutta støtta til dei private barnehagane. Årsak: Dei brukar ikkje pengane på betre pensjon, men legg opp til at dei inngår i drifta og dermed kan enda opp som profitt.

Fagforbundet er svært kritiske til både verkemiddel og aksjonsform.

– Me fryktar sjølvsagt at dei private aktørane skal profittera ytterlegare når me ser at stønaden ikkje går til pensjon, slik med trudde. Stønaden skal jo komma dei tilsette til gode, ikkje eigarane, forklarar Svendsen.

Les også
– Denne skulen blir alltid bygd underdimensjonert

Bytta på vakter

Han tenkjer også på kva ein slik aksjon gjer for dei tilsette.

– Dei bytta på alle vaktene for dei tilsette fordi alle skulle gå heim klokka to. Med så kort varsel kan dette også utløysa overtidsbetaling, seier Svendsen.

– Kva er det som er kritikkverdig med ei slik avgjerd?

– Eigarane av FUS-barnehagane skauv på arbeidstida til dei tilsette uavhengig om dei støtta aksjonen eller ei.

Kutt i stønad går ut over tilbodet

I Nordbygdo FUS barnehage byrja dagen som vanleg, men avslutta på anna vis. Då klokka nærma seg 14.00 var alle dei 133 barna henta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alle foreldra eg har prata med har vore positive til aksjonen. Eg trur dei forstår kvifor me hadde denne aksjonen. Nettopp difor blei alle barna henta, seier Anne Kristin Aaseth som er dagleg leiar i barnehagen.

Det har ho vore i 20 år. Ho fortel at berre Nordbygdo barnehage, som er ein FUS-hage, får til saman 630.000 kroner mindre kvart år med dei nye kutta til regjeringa.

– Eg trur det er viktig å forstå at stønaden private barnehagar får, følgjer det enkelte barn. Fram til no har offentlege og private barnehagar fått same sum per barn. Det er det no slutt på, seier Aaseth.

Les også
Skrotar nedlegging av Øvrebygda skule

Tryggleik fyrst

Aaseth seier at både tilsette og foreldre skjønnar at desse kronene må takast frå ein stad.

– 630.000 kroner utgjer ein god del vikartimar, leiker og utstyr som me gjerne skulle ha brukt. No må me finna andre løysingar, seier ho.

– Men vart ikkje tilskotet redusert nettopp fordi pengane ikkje blei brukt på pensjon, men andre ting?

– FUS har allereie ein svært god pensjonsavtale.

– Blant anna Fagforbundet kallar denne aksjonen for ulovleg. Kva seier du til det?

Aaseth humrar litt før ho svarer.

STENGDE: Nordbygdo FUS barnehage, her ved dagleg leiar Anne Kristin Aaseth, stengde dørene klokka 14.00 24. november, som ein del av aksjonen der dei protesterte mot regjeringa sitt kutt i stønad til private barnehagar. Foto: Kjetil Østrem

– Då må eg spørja: Kva slags mogelegheit til aksjonar har eigentleg ein barnehage? Hadde med stilt oss opp på torget i Leirvik hadde ingen brydd seg, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men er det ein ulovleg aksjon?

– Alle barna var trygge og eg trur dei hadde ein fin dag. Dei blei henta tidlegare enn vanleg og fekk to timar ekstra med foreldra sine.

Aaseth legg til at dei hadde fire tilsette på jobb som skulle ta vare på eventuelle barn som ikkje blei henta, og at tryggleik sjølvsagt kom fyrst.