Gjenstand på brua: Rett ved ulukkesbilen låg denne gjenstanden. Førebels er det uklart om det er dette som har treft bilen. Foto: Olav Røli

Midt på brua trefte deler av vogntoget varebilen

Politiet stadfestar at deler av kapellet på vogntoget som var involvert i ulukka på Stordabrua, skal ha losna og treft ein varebil.

Éin person omkom i ulukka, som skjedde tidleg torsdag morgon.

– Varebilen har komme i nordgåande retning, medan vogntoget var på veg sørover. Omtrent midt på brua har deler av skapet på tilhengjaren blåse av, og treft den motgåande bilen, seier politiførstebetjent Mikal Bjønvik ved Stord lensmannskontor.

Les også
Stengjer brua i fleire timar

Gjenstandane som trefte den motgåande bilen trefte taket og bilføraren, som omkom på staden. Store deler av taket på varebilen vart riven av.

– Det var to personar i bilen. Passasjeren vart frakta til sjukehuset. Denne personen skal ikkje vera skadd, men er prega av hendinga, seier Bjønvik.

Ifølgje Wikipedia er eit kapell eit type overbygg utført som ei ramme med ei tilpassa presenning over.

Fall av: Deler av kapellet på dette vogntoget skal ha falle av. Foto: Jan Kåre Ness

Vogntoget vart stoppa ved Grønåsen på E39 av ein politipatrulje.

– Sjåføren vert teken hand om av oss og helse, og får naudsynt oppfølging. Krimteknisk frå Haugesund er her og føretek åstadundersøking. Ulukkesgruppa frå Statens vegvesen skal også gjera sine undersøkingar, fortel politiførstebetjenten.

Sørvest politidistrikt skriv på Twitter at det etter samtaler med sjåføren av vogntoget, kan tyda på at han ikkje forstod omfanget av hendinga då den inntrefte.

– Vidare undersøkingar vert føreteke for å få klarlagt dei faktiske forhold samt ivaretaking av dei involverte, melder politiet.

Politiet ønskjer ikkje å gå nærare inn på forklaringa til sjåføren.

– Sak er oppretta og etterforskinga vil søkja å belysa saka, skriv dei.

Politiførstebetjent Mikal Bjønvik fortel at vogntogsjåføren får naudsynt oppfølging etter hendinga. Foto: Olav Røli
Les også
Éin person omkom då varebil vart treft av gjenstand frå vogntog