I studio: Anne-Beate Ulveseth Lilletvedt er gjest i Stordpodden. Foto: Kjetil Fyllingen

– Det blir verre der for kvar gong eg reiser

I den nyaste episoden av Stordpodden fortel Anne-Beate Ulveseth Lilletvedt mellom anna om korleis tilhøva er i Moria-leiren.

Den engasjerte 32-åringen kom nyleg heim frå ein ny tur til flyktningleiren på Lesvos.

– Flyktningkrisa har vore lenge, men det var noko som eksploderte i 2015. Eg har valt ein veg med tanke på utdanninga mi, med kunstfag, dans og teater og sånt. Men viss eg ikkje hadde det, har eg tenkt at eg ville vore noko innan helse, som lege eller sjukepleiar. Eg har ofte tenkt at til dømes Leger Uten Grenser, og andre som faktisk dreg dit alle flyktar vekk frå. Som står i felten der og gjer ein jobb. Dei er heltar for meg, seier Lilletvedt.

Les også
«Me må reagera, elles går det til helvete!»

I 2015 oppdaga ho organisasjonen «Dråpen i havet», og såg etter kvart sitt snitt til å reisa. Ho ville gjera noko, og jula 2015 tok ho sin første tur til Lesvos.

– Opplevinga av å gå inn i leiren for første gong … Det er første gong eg har fått ein fysisk reaksjon av eit inntrykk. Det var ikkje det at eg byrja å gråta eller vart veldig sint og sur, eg vart berre heilt apatisk. Eg gjekk rundt, kanskje i ein time, som eit spøkjelse. Fordi eg klarte ikkje å forstå at det var ekte det eg såg, fortel Lilletvedt, som seier ho vert like overraska kvar gong ho kjem ned, fordi tilhøva i leiren stadig vert verre.

Høyr den tankevekkjande og sterke episoden her:

Alternativt i Spotify her:

Her kan du også høyra eit lite utdrag frå episoden:

I tillegg finn du Stordpodden i Apple Podcasts her, og elles ei oversikt over andre avspelingsmogelegheiter her.

Høyr fleire utgåver av Stordpodden her:

Bli betre kjend med (tidlegare) Sykkel & Kaffi-Stein

Artikkelen held fram under annonsen.

SNG-leiar Jan Kåre Pedersen om biogass og øl-slutt

Berit starta mikrobakeri i kjellaren

Ingvild Hjellestad Johannesen brenn for teaterlaget

Jan Roar Hovland gjev sine beste tips for at born skal oppleva meistring i idrett

Christin Kalve om trening, kosthald og livet med ADHD

Aase Lilleskare Lund om Haiti-turen som vart eit minne for livet

Magdalena From Delis om dansen og oppveksten

Kattnakken-gründer Silje Vatne Ersland om korleis du kan lukkast som gründer

NRK-Martha om oppveksten, magen og jobben som programleiar

Ordførar Gaute Straume Epland om då livet tok ei brå vending

Artikkelen held fram under annonsen.

Gerda Malene Øen snakkar ut om turlaget og oppveksten på Leirvik

Kristian Harnes satsar på kortreiste møblar

Redaktør Magne Kydland om podkast-satsinga