Sunnhordland var med Sævarhagen FUS barnehage på sjøen i 2014. No blir det slutt på båtlivet for dei små.
Sunnhordland var med Sævarhagen FUS barnehage på sjøen i 2014. No blir det slutt på båtlivet for dei små. Foto: VILDE HJERTHOLM LUNDE

– Det er forferdeleg synd

Ungane i Sævarhagen FUS barnehage har i fleire år kosa seg på sjøen med eigen båt. No er det slutt.

Barnehagen har sendt ut ei melding til foreldre om at ein ikkje kan bruka barnehagen sin 22 fot store båt på grunn av ein forskrift frå Sjøfartsdirektoratet.

– Det er forferdeleg synd. Me har brukt båten opp til fire dagar i veka når det har vore vêr til det. Me veit at å vera ute i båt, fiska og komma seg fram til nye stader med båt, er noko som ungane set stor pris på, seier dagleg leiar Elisabeth Totland.

Sett på land

Fleire media har tidlegare i år fortalt om barnehagar, skular, leirskular og institusjonar som ikkje lenger får bruka båtane sine.

Grunnen er at all bruk av båt gjennom skule og frivillige organisasjonar er pålagt same strenge krav som kommersiell verksemd. Dermed må båtførar gjennomføra eit fritidsskippersertifikat på 122 timar, og i tillegg ha sikkerheitskurs, krise- og passasjerhandteringskurs.

Totland fortel at dei fanga opp sertifikat-kravet gjennom media.

– Dette er jo krav som me på ingen måte kan oppfylla, seier Totland.

Ho seier at dei ikkje har søkt om dispensasjon.

– Me veit at andre barnehagar har fått avslag. Andre stader er det også politikarar som har engasjert seg i saka for å endra regelverket, seier Totland.

Sikra tryggleik

– I dagens regelverk er det eit skilje mellom fritidsaktivitet, som blir regulert gjennom småbåtlova, og næringsverksemd, som er omfatta av Skipssikkerhetsloven. Av tryggleiksomsyn blir det stilt krav til førar og utstyr når eit fartøy skal nyttast av barnehagar, skular og andre som driv organisert næringsverksemd (forskrift for frakt av 12 passasjerar eller færre). Dette er og naturleg ved andre former for organisert transport – til dømes ved transport av passasjerar på veg, opplyser kommunikasjonsrådgjevar Kari Stautland i Sjøfartsdirektoratet.

Ikkje nye reglar

Ho fortel at det ikkje er nye reglar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men ein del lag og foreiningar har nok ikkje vore klar over at dei har vore omfatta av krava i regelverket. Omtale av enkeltsaker i media har bidrege til at fleire er blitt klar over reglane, og det er positivt, seier Stautland.

Ho oppmodar dei som brukar båtar i undervisninga om å ta kontakt med Sjøfartsdirektoratet for råd og rettleiing.

– Sjølv om me ikkje kan gje unnatak frå krava til tryggleik, er det nokre område som ikkje vert omfatta av regelverket, mellom anna dersom dei nyttar mindre båtar med plass til fire-fem personar, seier Stautland