Filmserie: Deniz Kaya og Nina Madhavi er med i Statens vegvesen sin kampanje om kva ein skal gjera om det brenn i ein tunnel. Foto: Haakon Wettre

Dette bør du gjera om det brenn i tunnelen

Statens vegvesen har lansert ein ny kampanje om kva ein skal gjera dersom det tek fyr i tunnelen ein er i.

I ein serie med filmar produsert av Vegvesenet, kan ein følgja to lag i ein tunnel der det er eld og røyk. Kven tek dei rette vala når det brenn i tunnelen?

– Om det brenn er det viktig å handla raskt. Under stress er det vanskeleg å vera rasjonell og ta dei rette vala. Tenk gjennom kva du ville ha gjort viss du skulle hamna i ein farefull situasjon i ein tunnel, skriv Vegvesenet i ei pressemelding,

Filmane har eit «realitykonkurranse-preg» og er meint å appellera til ungdom i «førarkort-alder» frå 16 til 24 år. Vegvesenet har fokus på at kunnskap kan redda liv.

– Det er mykje som er situasjonsbestemt i ei brannhending – for eksempel kva veg det er raskast å komma ut. Det litt vanskelege ordet «sjølvredningsprinsippet» er fastslått i både EU sitt tunneltryggleiksdirektiv og i vår eigen forskrift om tunneltryggleik. Det inneber at du sjølv har ansvar for å redda deg ut. Du må forholda deg aktivt til situasjonen, opplyser Vegvesenet.

Les også
Bilbrann skapte køkaos på E39

Dei peikar på at ein tunnelbrann med mykje røyk kan vera ei ekstremt skremmande oppleving.

– Kunnskap om kva som finst av tilgjengeleg tryggleiksutstyr i dei litt lengre tunnelane kan avgjera. Veit du at det er telefonar i mange tunnelar og kva som skjer når du tek av røyret? Veit du at viktig informasjon kan bli snakka via radio direkte til deg om at det er ein alvorleg situasjon?

Vegvesenet håpar mange ser filmane, som dei no vil spreia i sosiale medium.

– Det er viktig at unge førarar lærer seg korleis dei bør handla ved hendingar i ein tunnel.

Du kan sjå filmane her.

Dette er dei generelle råda i filmane:

Er det røyk og eld i tunnelen – handle raskt og evakuer ut.

Køyr aldri inn i ein tunnel som er stengt med blinkande raude lys.

Ha radioen på – lytt til trafikkmeldingar.

Bruk naudtelefonane og brannsløkkjarar.