Norsk sykepleierforbund sitt trommekorps deltek på Storapride neste helg.
Norsk sykepleierforbund sitt trommekorps deltek på Storapride neste helg. Foto: PRIVAT

– Dette er meir enn artig

Karin Bell Trældal meiner likeverd er ein av dei viktigaste sakene i 2018.

– Då er det offisielt. Norsk sykepleierforbund (NSF) Hordaland sitt trommekorps stiller på Storapride. Det er meir enn artig!

Trældal, som er hovudtillitsvald i NSF Stord sjukehus, la ut meldinga på sosiale media fredag kveld.

– Fylkesleiaren i NSF, Mette Mikkelsen, spurde om me ville ha trommekorpset til Storapride. Det takka eg jublande ja til. Eg synest det er veldig moro at dei stiller, seier Trældal.

Trommekorpset har base i Bergen.

– Dei var meir enn villige til å stilla. Eg synest det er stort at dei vil vera med å støtta ei så viktig sak, seier Trældal.

Karin Bell Trældal, hovudtillitsvald i NSF Stord sjukehus, meiner Storapride er eit fantastisk arrangement.
Karin Bell Trældal, hovudtillitsvald i NSF Stord sjukehus, meiner Storapride er eit fantastisk arrangement. Foto: PRIVAT

NSF Stord sjukehus støttar også saka.

– For meg er det ei sjølvfølge at alle skal inkluderast. Det skal ikkje vera skilnad på grunn av kjønn eller seksualitet. Likeverd er viktig. Dei som ikkje er samde må vakna, me er trass alt i 2018, seier Trældal til Sunnhordland.

Ho er glad SU bestemte seg for å dra i gang Storapride på Stord 15. september.

– I byane er nok dette enklare å få til. Men saka er minst like viktig her hos oss ute i distrikta. 

Sjølv stiller Trældal med englevinger til toget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me gjer jo dette til ei artig greie, men bodskapen er likevel både seriøs og veldig viktig. Størst av alt er kjærleiken, seier Trældal.