STENGJER NED EI VEKE: Sjøhuset i Leirvik stengjer ned drifta i ei veke etter at ei dørvakt ha fått påvist koronasmitte. Foto: Kjetil Østrem

Dørvakt på Sjøhuset har fått påvist smitte

Smittesporing på over hundre personar som har vore innom Sjøhuset laurdag og søndag.

Torsdag kveld opplyser dagleg leiar ved Sjøhuset i Leirvik at ein dørvakt hos dei torsdag fekk positivt svar på ein koronatest.

– Dørvakta hadde hatt vondt i hovudet og hatt litt sår hals, og fekk teke ein test. Den kom tilbake positiv i dag, og me har igangsett smittesporing, seier Marianne Haukefær på Sjøhuset.

Dørvakta skal vera ein av dei fire nye tilfella av covid-19 blant stordabuen som blei meldt torsdag.

Laurdag natt til søndag

Ifølgje Haukefær som har vore i dialog med helsevesenet i kommunen, deriblant kommunelegen, så skal smitten sannsynlegvis ha skjedd laurdag natt til søndag.

– Dørvakta var på jobb fredag og laurdag, men det er ikkje mistanke om at smitten skal ha skjedd fredag hos oss. Men alle som var innom laurdag og natt til søndag held no på å blitt ringt opp i tråd med smittesporings-listene våre, seier Haukefær.

Les også
Fire nye smittetilfelle på Stord

Ho opplyser at over hundre personar er omfatta av smitteoppsporinga og etterfølgjande karantene. Også alle tilsette som var på jobb laurdag og søndag er no i karantene.

Stengjer ned i éi veke

Av smittevernmessige årsaker stengjer Sjøhuset no ned all aktivitet i ei veke framover.

– Me stengjer i første omgang ned drifta av huset fram til neste torsdag, og kjem til å vaska ned heile bygget, og kjem til å følgja tett med på situasjonen, seier Haukefær.

– Korleis går det med dørvakta no?

– Det går bra, etter det eg veit så har han berre hatt hovudsmerter og vore litt sår i halsen, seier Marianne Haukefær, som ikkje ønskjer å spekulera i kor smitten kan komma frå, anna enn at kommunen no held på med smitteoppsporing.

Artikkelen held fram under annonsen.

VASKAR NED BYGGET: Marianne Haukefær på Sjøhuset opplyser at dei stengjer ned drifta i minst ei veke framover. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen
Les også
– Utfordrande arbeid, men koronasentralen er rigga for dette