PODKAST: No kan du høyra ny episode om Camilla Abelsen og draumen om å bli gravid. Foto: Kristine Brandsdal Barane

Dramatisk sydentur: – Har aldri kjent på ein sånn smerte

Høyr ny episode av «Camilla vil ha baby no».

Måndag morgon er episode to av podkastserien «Camilla vil ha baby» ute. Stordabu Camilla Abelsen (33) har nådd dei magiske veke 12 i svangerskapet når ho er på familieferie til Tyrkia og skal nyta livet, sommaren 2019.

Men heimturen blir svært dramatisk.

– Eg har aldri hatt så vondt i heile mitt liv, eg har aldri kjent på ein sånn smerte i heile kroppen, seier ho.

Camilla er langt nede, og ber om hjelp, men 33-åringen opplever at ho ikkje blir høyrt.

– Kva skal til for at eg skal få lov til å gå til psykolog? spør ho.

Høyr heile episoden her (og følg gjerne «Sunnhordland dokumentar» der du lyttar til podkast):